torsdag 11. oktober 2012

Instamoment

Siljes blogg utfordrar til å vise det beste biletet frå instagram. Eg heng meg på. Eg likar instagram (@vidunderleg om du vil følge!)

Utfordring to dagar på rad er gøy.

Eg er i Korea og lengtar heim til min firbeinte venn. Eg vel derfor å delta i utfordringa med biletet over.
Bildeteknisk er det ikkje sers godt, men det illustrerer ein av dei få late sommardagane frå sommaren som var. Ein sliten Samson har gøymt seg i skyggen av hagemøblane på terrassen. Mine slitte conversesko står i veien for å få fullt fokus på hunden. Sola gløtter gjennom skuggen og minner om den fine dagen som var!
Sjå fleire instabilder på #siljesutfordring eller her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!